Gå til innholdet
360expOffentlig beta
Logg inn
Er heime der du bur? Familieforestilling
Festivaler

Er heime der du bur? Familieforestilling

Søndag 15. november 2026 · 14:00Festsalen, Valdres Folkemuseum

Lagre arrangementet, så sier vi fra hvis dato, tid eller sted endres.

Beskrivelse

Les mer

Familieforestilling med Margit Myhr og Silje Risdal Liahagen

Er heime der du bur?

Alle treng ein plass å kalle heim. Ein bygning eller stad å reise heim til kvar dag; trygg, utrygg, liten, stor -den ser ulik ut rundt om i verda. Nokon må reise eller flykte frå heimen sin. Somme lengtar heim. Andre er usikre på kor heimen er, kanskje har dei fleire, eller ingen. Ylva er ei jente som oppdagar at heime kanskje ikkje er det ho har trudd heile sitt korte liv, for er heimen hennes kanskje ikkje eit hus likevel? Ho legg ut på ei reise for å finne ut av dette og møter fleire dyr og menneske som alle har ulike svar.

Med musikk henta frå hallingdalstradisjonen, nyskreve manus av Sigmund Løvåsen og folkedanssteg som gir liv til ulike dyr og menneske, blir borna tatt med på Ylva si reise på søken etter kva heime eigentleg er.

Forteljing, song og dans - Silje Risdal Liahagen
Forteljing, song og dans -  Margit Myhr

Manus: Sigmund Løvåsen
Ytre auge: Maria Drangeid.
Foto: Thor Hauknes

Forestillinga er ein samproduksjon mellom Liahagen & Myhr, Riksscenen og Sprang, og er produsert med støtte frå Kulturtanken og FFUK.

Inngang:
Kr 300 for ordinær billett
Kr 100(UngINN) 19-20 år
Gratis for dei under 19 år
Billettar: hilme.ticketco.events eller i døra

Konserten er støtta av Norsk Kulturråd og Innlandet fylkeskommune

Arrangørar: Hilme året rundt i samarbeid med Valdres folkemuseum