Skip to content
360expPublic beta
Log in
Back to events
Røyster mellom to land // Fana Kulturhus
Theater

Røyster mellom to land // Fana Kulturhus

Sunday, October 11, 2026 · 6:00 PMFana Kulturhus

Description

Røyster mellom to land er ei varm og gripande konsertframsyning om val, draumar, sakn og uthald. Gjennom song, forteljing og levande historiske kjelder møter publikum kvinner frå Vestlandet som i perioden 1825–1925 reiste frå Noreg for å byggja seg eit nytt liv i Amerika.

Framsyninga tek oss med frå små vestlandsbygder via tronge lugarar på Atlanterhavet til dei første møta med eit ukjent kontinent. Me høyrer om avskil, arbeid, kjærleik, håp og mot – men òg om det som vart att heime.

Reidun Horvei i rolla som Inga Brekke frå Samnanger. Foto: J.Sekse

Musikken og forteljingane vev saman historiske kjelder, brev, dagbøker og folkelege minne til ei levande sceneframsyning. Med varme, humor og sterke augeblikk vert dei store utvandringshistoriene fortalde gjennom menneska som levde dei.

Kvar høyrer me eigentleg heime? Korleis ber me historia vidare? Desse spørsmåla kling gjennom heile framsyninga – og gjer forteljingane aktuelle også i vår eiga tid.

Røyster mellom to land er ei vidareutvikling av podkasten Vågespel, som hadde premiere på den internasjonale kvinnedagen i 2025 under utvandrarjubileet. Eitt år seinare vart forteljingane vidareførte til scena i denne konsertframsyninga, der song, musikk og forteljing møtest i eit nært møte med publikum.Frå premieren på Sletta mars 2026.

Medverkande

Reidun Horvei – song og manusutvikling
Johanne Øvstebø Tvedten – forteljing
Inger-Kristine Riber – piano, komponist og manusutvikling
Katherine Jane Hanson – manusutvikling