Sleppfest for Halvor Folgerøs Trolltunga. Eit vilt stykke Norgeshistorie
Thursday, October 29, 2026 · 7:00 PMLitteraturhuset i Bergen
Description

På rekordtid blei Trolltunga i Hardanger eit nasjonalt ikon og ein internasjonal turistattraksjon. Besøket gjekk frå 800 turistar i 2010 til 87 000 i 2018. Kva skjedde?

Det handlar om kaos, køar og leiteaksjonar. Men også om eit samfunn som snudde seg rundt for å få kontroll. Hundre år tidlegare var nabolaget til Trolltunga gjennom ei langt meir omfattande endring. Kraftutbygging og industri snudde opp ned på alt i Odda. Turistane forsvann, og industrien blomstra opp. Industristadene i Sørfjorden spelte ei viktig rolle i bygginga av den norske velferdsstaten.

Med Trolltunga er ringen slutta, og turistane er tilbake. Eit nytt reiseliv veks fram på tuftene av den gamle industrikulturen. Halvor Folgerø presenterer boka si med bilder og forteljingar. Gjest og med seg på scenen har han Frode Grytten.

Halvor Folgerø (f. 1967) er forfattar, musikar og journalist frå Stord, busett i Bergen. Han har i ei årrekke jobba i både radio og TV i NRK. I dei seinare åra har han hatt stor suksess med bøkene Vestlandsvegar, Fleire vestlandsvegar og Ferjefolket.

Frode Grytten (f. 1960) er forfattar og journalist, oppvaksen i Odda, bur i Bergen. Debuterte i 1983, og har seinare gitt ut nær 40 bøker i ulike sjangrar. Grytten har mottatt to Brageprisar og ei rekkje andre prisar. Romanen Bikubesong var nominert til Nordisk Råds Litteraturpris, og Grytten sine bøker er omsette til ei rekkje språk.

Det blir boksal og signering etter arrangementet.

150,–/120,–/60,–

Foto: Tove Breistein / Helge Skodvin