Dei nye Kapellananes Saloon #14 Gjest: Kari Slaatsveen
Tuesday, September 29, 2026 · 8:00 PMHerr Nilsen
Description

Dei Nye Kapellananes SALOON # 14 - med Kari Slaatsveen

Dei nye kapellanane er ei gruppe som er prøvd avvikla fleire gonger men som faen ikkje gjer seg. Gruppa speler populærmusikk på nynorsk. Gruppa starta som husband i 1992. Namnet har dei frå Hans E. Kincks novelle «Den nye kapellanen» (1897). Karakteristisk for Dei nye kapellanane sin musikalske profil er den humoristiske koplinga mellom nynorsk tradisjon og moderne rocke- og populærmusikk.

Dei nye kapellanane er Ragnar Hovland (song, keyboard, munnspel, trekkspel, banjolele med meir), Trygve Åslund (gitar, song), Jørn Mortensen (gitarar, pedal-steel, kazoo, song), Lars Fredrik Beckstrøm (bass, song), Arnt Maasø (tangentar, song) og Håkon Paulsberg (trommer, song).

Med seg i saloonen denne gongen har dei sjølvaste Kari Slaatsveen.

Kari Slaatsveen er skribent, parsellhagebonde, artist, ho har 30 års fartstid i NRK, og ho er forfattar. Ho har tidlegare skrive «Kvinnen som ble saget i to» (Gloria 2018), «Fagottkorets lille rosa» (Aschehoug 2024), og er no aktuell med «Livet, del II» (Gyldendal 2026). Vi kan ikkje anna enn å rekne med at ho byr på ein del refleksjonar om nettopp livet denne kvelden. Kanskje til og med som skjønnsong.