Saltar al contenido
360expBeta pública
Iniciar sesión
Volver a eventos
Noreg i ei ny tid: Den nye frontlinjen. Geopolitikk, risiko og felles ansvar
Arte y Cultura

Noreg i ei ny tid: Den nye frontlinjen. Geopolitikk, risiko og felles ansvar

jueves, 1 de octubre de 2026 · 6:00 p.m.Litteraturhuset i Bergen

Descripción

Med Tom Røseth, Andrea Mevold Zakariassen, Lise Øvreås og Ole Rasmus Øvretveit

Geopolitikk er ikkje lenger noko som berre utspelar seg mellom statar, ved landegrenser eller på fjerne slagmarker. I dag går frontlinjene også gjennom næringsliv, forskingsmiljø, offentleg forvaltning, digitale system og globale verdikjeder. Sikkerheit handlar ikkje berre om forsvar og beredskap, men i aukande grad om vala som blir tekne av bedrifter, universitet, kommunar og andre samfunnsaktørar.

I denne utgåva av samtaleserien Noreg i ei ny tid møter vi Tom Røseth, hovudlærar ved Forsvarets høgskole og medforfattar av boka Den nye frontlinjen: Geopolitikk, risiko og felles ansvar. Med utgangspunkt i boka vil Røseth vise korleis den nye geopolitiske rivaliseringa påverkar samfunnet langt utover den tradisjonelle tryggingspolitikken, og kvifor spørsmål om teknologi, forskingssamarbeid, økonomi, forsyningskjeder og digital infrastruktur i aukande grad også er spørsmål om nasjonal sikkerheit.

Kva betyr den nye tryggingssituasjonen for Noreg? Korleis bør næringsliv, akademia og offentlege institusjonar handtere eit meir samansett og uforutsigbart trusselbilete? Kva inneber totalforsvar i praksis når samfunnskritiske funksjonar i stor grad ligg utanfor staten? Og korleis kan vi balansere openheit, samarbeid og tryggleik i ei tid prega av aukande internasjonal rivalisering?

Etter innleiinga følgjer ein panelsamtale med inviterte ekspertar. Så langt er Andrea Mevold Zakariassen, universitetslektor ved Institutt for samanliknande politikk, Universitetet i Bergen, stadfesta som paneldeltakar. Ein siste paneldeltakar vil bli annonsert seinare. Deretter opnar vi for spørsmål frå salen.

Moderator er Ole Rasmus Øvretveit, statsvitar og forskar ved Universitetet i Bergen. Arrangementet blir opna av Lise Øvreås, direktør for Academia Europaea Bergen Hub.

Noreg i ei ny tid er ein debattserie i regi av Academia Europaea Bergen Hub ved Universitetet i Bergen, og skal vere ein fast arena for samtale om dei store geopolitiske, teknologiske og samfunnsmessige endringane som vil påverke Noreg og Europa i tiåra som kjem.

Velkomen til ein kveld om geopolitikk, samfunnstryggleik og felles ansvar i ei ny tid.

150/120,–

Gratis inngang for studentar ved framvising av studentbevis.