Skip to content
360expPublic beta
Log in
Back to events
PURPPURI
Theater

PURPPURI

Thursday, October 22, 2026 · 8:30 PMRiksscenen

Description

Når gulna papir med krusedullar i blekk kjem musikarane i Purppuri i hende, får musikarane stjerner i augene, kribling i fingrane og dansefoten dansar oppildna. Det er nordiske notenedskrifter frå 1700-talet som fengjer og engasjerer denne gjengen. Sjeldan høyrer ein slåttar frå Napoleons dagar svinge så kraftig. Velkomne til Purppuri!

Med Johan Hedin (SE) på oktavnøkkelharpe, Mads Kjøller Henningsen (DK) på sekkepiper og fløyter, Esko Järvelä(FI) på femstrengsfele og tenorgitar og Jorun Marie Kvernberg (NO) på feler og hardingfele, kan publikum vente seg eit tett og elegant samspel i smakfulle arrangement. Og dei vil gjerne at publikum dansar!

Namnet Purppuri stammar opprinneleg frå eit potpurri av finske bryllaupsdansar frå 1700-talet. I timesvis kunne desse slåttane samle folk i dans – som ei feiring av både livet og kjærleiken. Purppuri vever slåttane inn i kvarandre. Slik lagar dei lange og uavbrutte økter, og ei stemning som gir publikum høve til å bli dratt inn i flyten – der musikk og dans smeltar saman og fellesskap får vekse utan ord.