Gå til innholdet
360expOffentlig beta
Logg inn
Tilbake til arrangementer
Musikksporet: Nordiske landskap – frå vårlys til skumring
Festivaler

Musikksporet: Nordiske landskap – frå vårlys til skumring

Fredag 26. februar 2027 · 13:00Aurdal Fjellkirke

Lagre arrangementet, så sier vi fra hvis dato, tid eller sted endres.

Beskrivelse

Les mer

Program:

Grieg - Holbergsuite (20 min)

Svendsen - Alt under Himmelens feste (3. min Grieg - Våren (5 min)

Nielsen - Little suite (15 min)

Atterberg - Suite nr. 3 (12 min)

Sibelius - Valse triste (4 min)

Utøvare: Ensemble Allegria

Dette er eit unikt høve til å oppleve klassisk musikk kombinert med friluftsliv i vakre omgivnader og med utsikt til snøkledde valdresfjell. Her har du også moglegheit til å gå på ski til konserten og teste ut dei fine skiløypene i området, setje frå deg skia utanfor fjellkyrkja, gå inn i skiantrekk og nyte ein time med klassisk musikk før du tek på deg skia og held fram med skituren.

Eit konsertprogram fylt av nordisk klang, natur og stemning. Her møtest fest og folkedans, vårens forventning, lyse sommarbilete og stille vemod. Konserten opnar med Edvard Griegs elegante og leikne Holbergsuite, før Johan Svendsens høgtidelege Alt under Himmelens feste løfter blikket mot det storslåtte og himmelvende. Med Griegs Våren trer vi inn i eit lysare og meir lyrisk landskap – ei musikalsk skildring av naturens oppvakning.

Vidare går ferda til Carl Nielsens sprudlande Little Suite og Kurt Atterbergs fargerike Suite nr. 3, før Jean Sibelius’ gripande Valse triste rundar av konserten med ein heilt annan tone: mørkare, stillare og meir ettertenksam. Frå fest og folkedans til vårens forventning, nordisk natur og stille vemod – eit program som speglar breidda og det rike kjenslelandskapet i nordisk musikk.