Julajazz og 50-års-jubileum med Osøren Jazzensemble
Lørdag 5. desember 2026 · 17:00Kulturnaustet, Hardanger Fartøyvernsenter
Billetter fra
Lagre arrangementet, så sier vi fra hvis dato, tid eller sted endres.
Line-up
Beskrivelse
Les mer
Laurdag første helga i desember inviterer Lydia - tradisjonen tru! -Geirmund Sandven med band til julajazz på Hardanger fartøyvernsenter. Der Geirmund dei siste åra har hatt med seg Nes tradband og Sandven Jazzkompani, gjer han i år noko heilt spesielt: Han tek med seg Osøren Jazzensemble – eitt av hans aller første og mest kjære jazzband!
I år feirar dette ikoniske ensemblet heile 50-årsjubileum (1976–2026). Dei har i eit halvt hundreår vore ein vaskeekte pioner og institusjon på tradjazz i regionen. Musikarane er kjende for å spele med “hjarta utanpå skjorta” og spreia rein og skjær glad-energi. Denne kvelden serverer dei sin unike, tradisjonelle dixieland-stil – for anledninga sjølvsagt krydra med nokre av våre kjæraste juleperler!
Besetning:
- Marita Moe Sandven – vokal
- Are Ovesen – trompet
- Geir Mildestveit – klarinett (med sidan starten i 1976!)
- Geirmund Sandven – trombone (med sidan starten i 1976!)
- Terje Neset – banjo og vokal
- Ole Amund Gjersvik – bass (med sidan 1979!)
- Stein Inge Brækhus – trommer (med sidan rundt 1980!)
Ta med deg vener, familie og gode naboar, og start julemånaden med ekte musikalsk futt, glede og julestemning!
Mer innsikt
KI-generertAutomatiske forslag, holdt atskilt fra arrangørens offisielle informasjon.
Lydia inviterer til julajazz på Hardanger fartøyvernsenter laurdag første helga i desember. Geirmund Sandven tek med seg Osøren Jazzensemble, som feirar 50-årsjubileum (1976–2026). Ensemblet spelar tradisjonell dixieland-stil krydra med juleperler. Besetning: Marita Moe Sandven (vokal), Are Ovesen (trompet), Geir Mildestveit (klarinett), Geirmund Sandven (trombone), Terje Neset (banjo, vokal), Ole Amund Gjersvik (bass) og Stein Inge Brækhus (trommer).