Gå til innholdet
360expOffentlig beta
Logg inn

Lagre arrangementet, så sier vi fra hvis dato, tid eller sted endres.

Last ned iPhone-appen

Line-up

Beskrivelse

Les mer

Onsdag 2. desember inviterer me til eit spennande føredrag om fyrvaktaren Theodor Claudius Jacobsen, ein mann med eit liv som strekte seg frå polareventyr til arbeid som fyrvaktar på Obrestad fyr.

Ingunn Sirevåg Nord-Varhaug, kultursjef i Hå kommune, fortel om Jacobsen, livet hans og historia knytt til Obrestad fyr. Kva gjorde ein polfarar etter å ha vore med på ei av dei mest kjende ekspedisjonane i norsk polarhistorie – og korleis hamna han på Jæren?

Etter føredraget tenner me fyrlykta frå 1873, og dørene blir opna inn til fyrmuseet på Obrestad fyr. Her får du høve til å sjå fyrlykta lysande over Jæren, og ta eit nærare blikk på dei mange fine og rare dippeduttane som finst inne på fyrmuseet.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Hå gamle prestegard og Jæren Kystlag.

Mer innsikt

KI-generert

Automatiske forslag, holdt atskilt fra arrangørens offisielle informasjon.

Føredrag onsdag 2. desember om fyrvaktaren Theodor Claudius Jacobsen, frå polareventyr til arbeid som fyrvaktar på Obrestad fyr. Ingunn Sirevåg Nord-Varhaug, kultursjef i Hå kommune, fortel om Jacobsen og historia knytt til Obrestad fyr. Etter føredraget blir fyrlykta frå 1873 tend, og fyrmuseet på Obrestad fyr blir opna. Eit samarbeid mellom Hå gamle prestegard og Jæren Kystlag.

Kunst og kulturMuseer

Via hagamleprestegard.ticketco.events