Forfattarbesøk: Maria Parr - Sjå, der går ein barndom
Tirsdag 12. januar 2027 · 19:00Haugesund Folkebibliotek
Billetter fra
Lagre arrangementet, så sier vi fra hvis dato, tid eller sted endres.
Beskrivelse
Les mer
Innimellom barnebokskrivinga har Maria Parr også skrive tekstar for vaksne.Felles for desse tekstane er ei interesse for og undersøking av det som skjer i møte mellom ein lesar og ein skrivar. Om korleis tilsynelatande små og uviktige opplevingar kan vide seg ut og gi meining og betyding langt utover den personlege erfaringa.
Sjå, der går ein barndom er ei samling tekstar der Maria Parr tek oss med til det magiske landskapet barndom, til dei stemmene og forteljingane som inspirerte ho til å finne stemma si. Samlinga er ei kjærleikserklæring til biblioteka, til formidlarane og til alle dei som bidreg til å vide verda ut for lesarane. Boka dannar utgangspunkt for ein samtale mellom Parr og programansvarleg ved Haugesund Folkebibliotek, Andreas Risanger Meland.