Gå til innholdet
360expOffentlig beta
Logg inn
Tilbake til arrangementer
Kunst og kultur

Stjernenatt - Julekonsert med Ålesund kammerkor i Spjelkavik kyrkje, 06.12.26

Søndag 6. desember 2026 · 18:30Spjelkavik kyrkje

Lagre arrangementet, så sier vi fra hvis dato, tid eller sted endres.

Last ned iPhone-appen

Line-up

Beskrivelse

Les mer

"Stjernenatt" med Ålesund kammerkor

Velkommen til årets julekonsert i Spjelkavik kyrkje søndag 6. desember kl. 18.30.

Ålesund kammerkor inviterer til ein stemningsfull julekonsert med eit variert program som spenner frå den nordiske juletradisjonen til nokre av dei vakraste og mest særprega korverka i nyare tid.

Programmet omfattar mellom anna Northern Lights av Ola Gjeilo, Cradle Hymn av Kim André Arnesen, O Magnum Mysterium av Morten Lauridsen, Stars av Ēriks Ešenvalds og Francis Poulencs Quatre motets pour le temps de Noël. Desse verka blir sette saman med kjende julesongar som Det lyser i stille grender, Jeg synger julekvad, Jul, jul strålande jul og Deilig er jorden. Publikum får også høyre den særmekte versjonen av Es ist ein Ros entsprungen av Praetorius/Sandström.

Med Ålesund kammerkor medverkar Ai Ling Chiu på fiolin og Kristina Bjørdal Farstad på akkordeon. Dei to musikarane tilfører konserten eigne klangfargar og opnar for varierte uttrykk i møte mellom kor, fiolin og akkordeon.

Målet er å skape ei heilskapleg konsertoppleving der tradisjon og samtid møtest - frå det nære og enkle til det storslåtte og klangrike. Repertoaret er sett saman med tanke på kontrastar, ro og høgtid, og skal gi publikum ei varm inngang til julehøgtida.

Billetter:

Voksen: 350,-

Barn under 18 år gratis.

Billetter kjøpes på TicketCo.no eller med Vipps/kort i døra.

Mer innsikt

KI-generert

Automatiske forslag, holdt atskilt fra arrangørens offisielle informasjon.

Ålesund kammerkor inviterer til julekonserten 'Stjernenatt' i Spjelkavik kyrkje søndag 6. desember kl. 18.30. Konserten inkluderer verk av Ola Gjeilo, Kim André Arnesen, Morten Lauridsen, Ēriks Ešenvalds og Francis Poulenc, samt kjente julesanger. Ai Ling Chiu (fiolin) og Kristina Bjørdal Farstad (akkordeon) medvirker. Billetter koster 350 NOK for voksne, barn under 18 er gratis.

MusikkKonserter

Via kammerkoralesund.ticketco.events