Gå til innholdet
360expOffentlig beta
Logg inn

Lagre arrangementet, så sier vi fra hvis dato, tid eller sted endres.

Last ned iPhone-appen

Beskrivelse

Les mer

Tradisjon tru vert det Jolajazz på Park Hotel Vossevangen i romjula. I år vert festen 5. juledag, tysdag 29. desember. Dørene opnar 20:00.

Program:

18:00: Fyrste bordsete i Restaurant Elysée (booking direkte til Park hotell)

19:30: Andre bordsete i Restaurant Elysée

20:00: Dørene opnar og DJ Vlad speler dansbar musikk i Juvet

21:30: Jazzklubben: Christmas Tree’O

22:30: Café Stationen: The Season Quartet – What are you doing new years eve?

24:00: Jazzklubben: Voss Kraftlag speler opp til dans

Ungdom frå 18 t.o.m. 25 år får kjøpa UNG-billett til halv pris. NB! Begrensa antall UNG-billettar, så ver rask!

Middagspakke:

Billett til Jolajazz og 3-rettar middag

Park Hotell tilbyr som alltid Jolajazzmiddag – ein herleg trerettar i restaurant Elysée i kombinasjon med Jolajazzbillett.

Kjøp Middagspakken (middag og billett) direkte hjå Park på https://book.parkvoss.no/extras/

150 plassar.

Via vossajazz.ticketco.events