Gå til innholdet
360expOffentlig beta
Logg inn
Festivaler

Strengjarhaugen spelemannslag

Onsdag 2. desember 2026 · 18:30Hardanger folkemuseum

Lagre arrangementet, så sier vi fra hvis dato, tid eller sted endres.

Last ned iPhone-appen

Line-up

Beskrivelse

Les mer

Velkomen til konsert og dans med Strengjarhaugen spelemannslag på Hardanger folkemuseum, onsdag 2. desember kl.18.30. Her er det studentar ved Ole Bull Akademiet på Voss som verkeleg brenn for å formidla folkemusikk og folkedans, så variert som det går an. Spelemannslaget består av song, fele, trekkspel, toradar og naturleg nok, bass og gitar. Laget vert leia av Vegar Vårdal. Med finalespeling frå Landsfestivalen i Gamaldans bak seg så kan me trygt seia at dette er god dansemusikk, og me håpar de tek med dykk danseskoa. I tillegg vert det nummer kor du berre kan lena deg godt tilbake på stolen og oppleva korleis dagens talent tolkar og framfører kulturarven vår. Hjarteleg velkomen til konsert.

Konsert og dans varar til kl 20.15. Me rundar slik at ein rekk ferja til Kvanndal kl 20.30.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling, og med støtte frå Norsk kulturråd.

Mer innsikt

KI-generert

Automatiske forslag, holdt atskilt fra arrangørens offisielle informasjon.

Konsert og dans med Strengjarhaugen spelemannslag på Hardanger folkemuseum, onsdag 2. desember kl. 18.30–20.15. Studentar ved Ole Bull Akademiet på Voss formidlar folkemusikk og folkedans med song, fele, trekkspel, toradar, bass og gitar, leia av Vegar Vårdal. Laget har finalespeling frå Landsfestivalen i Gamaldans bak seg. Arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling, med støtte frå Norsk kulturråd.

MusikkKonserterDansMuseer

Via hardangerfolkemuseum.ticketco.events