Marit Eikemo og Marita Aarekol - Husdraumar: forlatne heimar og folka som levde der
Onsdag 24. februar 2027 · 19:00Haugesund Folkebibliotek
Billetter fra
Lagre arrangementet, så sier vi fra hvis dato, tid eller sted endres.
Beskrivelse
Les mer
Dette er ei historie om nokre av dei tomme husa. Grunnane til at lysa er sløkte og folk har reist, er blant anna arveoppgjer, økonomiske konfliktar, sjukdom, død, klimaendringar og personlege tragediar. Mange av husa ber på mørke forteljingar.
Aarekol og Eikemo fortel blant anna historia om huset som står slik det gjorde den dagen han som budde der, vart myrda, om snikkaren som ville at huset skulle døy med han, om familiar som har gått frå gard og grunn, og om å bu under bergfall og få ein gigantisk steinblokk klint inntil husveggen.
Ei undersøking i 2026 synte at 200 000 bustader står tomme her i landet, mange i grisgrendte strok.
Arrangementet er ein del av Arkitekturveka på Haugesund Folkebibliotek