Eirik Søfteland og Chris Lund - Ein noko annleis, men ikkje heilt uvanleg julekonsert
Torsdag 17. desember 2026 · 19:00Åsane Kulturhus, Kultursal.
Billetter fra
485 kr
Lagre arrangementet, så sier vi fra hvis dato, tid eller sted endres.
Beskrivelse
Les mer

Eirik Søfteland og Chris Lund inviterer til julekonsert og musikalske krumspring i Åsane Kulturhus!

Dette er ein konsert fylt med et breitt spekter av julas mange musikalske ansikt, som skal fylle deg med julestemning og få kjenslene til å svinge i takt med musikken. Her skal du få både grine og le!

Etter braksuksessen med konsertar tre år på rad i Oseana Kulturhus på Os, gler dei to seg til å kunne ønske deg velkommen i Åsane Kulturhus for å dele musikkens julemagi.

Eirik og Chris er av opptil fleire ansett som to av Vestlandets største stemmer. Dei har begge ein rik musikalsk bakgrunn der sjangrar og musikalske uttrykk er vevde saman og kolliderer i ein eksplosjon av harmoni, trøkk og vakker musikk!

Her blir det noko for mange. Både det sarte, mjuke og det lystige, levande får plass.

Med seg på scena har dei nokre av Vestlandets beste musikantar: Tore Christer Storlid (gitar), Peter Sæverud (bass), Jens Erik Aasmundseth (trommer), Eyolf Nysæther (tangenter), Andreas Hesselberg Hatzikiriakidis (trompet), Ole Tobias Lindeberg (fiolin), Hilde Vasenden og Sigrun Skjælaaen Dahl (kor).

Dette blir ein musikalsk godbit og ein kveld du absolutt ikkje vil gå glipp av!

Eirik Søfteland er kjend for dei fleste som ein langhåra rockar som tok Noreg med storm med si stemmeprakt og musikkglede i Idol og Skal Vi Danse i 2013. Seinare har han delteke i eit lass av tv-program som Stjernekamp, Århundrets Stemme, Beat for beat osv., og har verkeleg etablert si allsidigheit og musikalske spennvidde.

Chris Lund har jobba som songar i mange år i Bergen, men folk fekk verkeleg auga opp for han då han deltok i The Voice på TV2, våren 2022. Han imponerte både mentorar og publikum med si formidling, stemme og personlegdom. I tillegg har han hatt ulike rollar i musikalar som: Les Miserables, Which Witch, Grease og Jesus Christ Superstar. Det er få vokalistar i Noreg som kan skryte av det vokalspekteret Chris innehar.