Stjernenatt - Julekonsert med Ålesund kammerkor i Vigra kyrkje, 05.12.26
Lørdag 5. desember 2026 · 18:30Vigra kyrkje
Billetter fra
Lagre arrangementet, så sier vi fra hvis dato, tid eller sted endres.
Line-up
Beskrivelse
Les mer
"Stjernenatt" med Ålesund kammerkor
Velkommen til årets julekonsert i Vigra kyrkje lørdag 5. desember kl. 18.30.
Ålesund kammerkor inviterer til ein stemningsfull julekonsert med eit variert program som spenner frå den nordiske juletradisjonen til nokre av dei vakraste og mest særprega korverka i nyare tid.
Programmet omfattar mellom anna Northern Lights av Ola Gjeilo, Cradle Hymn av Kim André Arnesen, O Magnum Mysterium av Morten Lauridsen, Stars av Ēriks Ešenvalds og Francis Poulencs Quatre motets pour le temps de Noël. Desse verka blir sette saman med kjende julesongar som Det lyser i stille grender, Jeg synger julekvad, Jul, jul strålande jul og Deilig er jorden. Publikum får også høyre den særmekte versjonen av Es ist ein Ros entsprungen av Praetorius/Sandström.
Med Ålesund kammerkor medverkar Ai Ling Chiu på fiolin og Kristina Bjørdal Farstad på akkordeon. Dei to musikarane tilfører konserten eigne klangfargar og opnar for varierte uttrykk i møte mellom kor, fiolin og akkordeon.
Målet er å skape ei heilskapleg konsertoppleving der tradisjon og samtid møtest - frå det nære og enkle til det storslåtte og klangrike. Repertoaret er sett saman med tanke på kontrastar, ro og høgtid, og skal gi publikum ei varm inngang til julehøgtida.
Billetter:
Voksen: 350,-
Barn under 18 år gratis.
Billetter kjøpes på TicketCo.no eller med Vipps/kort i døra.
Mer innsikt
KI-generertAutomatiske forslag, holdt atskilt fra arrangørens offisielle informasjon.
Ålesund kammerkor held julekonserten «Stjernenatt» i Vigra kyrkje laurdag 5. desember kl. 18.30. Programmet spenner frå nordisk juletradisjon til nyare korverk av mellom anna Gjeilo, Arnesen, Lauridsen, Ešenvalds og Poulenc, saman med kjende julesongar. Ai Ling Chiu (fiolin) og Kristina Bjørdal Farstad (akkordeon) medverkar. Billett vaksen 350,-, barn under 18 år gratis.