Gå til innholdet
360expOffentlig beta
Logg inn
Tilbake til arrangementer
Noreg i ei ny tid: kampen om rettsstaten. Kva skjer når demokratiet blir sett på prøve?
Kunst og kultur

Noreg i ei ny tid: kampen om rettsstaten. Kva skjer når demokratiet blir sett på prøve?

Onsdag 25. november 2026 · 18:00Litteraturhuset i Bergen

Lagre arrangementet, så sier vi fra hvis dato, tid eller sted endres.

Last ned iPhone-appen

Beskrivelse

Les mer

Møt Hans Petter Graver og andre ekspertar.

Demokrati og rettsstat blir ofte tekne for gitte. Men historia viser at dei grunnleggjande institusjonane som vernar fridom, rettar og maktfordeling kan vere langt meir sårbare enn vi ønskjer å tru. Kva  skjer når politiske leiarar utfordrar domstolane, rettsvesenet blir politisert, eller grunnleggjande rettar blir sette til side i krisetider?

I boka Kampen om rettsstaten undersøker jurist og professor Hans Petter Graver korleis demokratiske samfunn kan gli i autoritær retning, og kva rolle rettsstatlege institusjonar spelar når politisk makt blir utfordra. Med historiske erfaringar frå mellomkrigstida og Nazi-Tyskland som bakteppe, men også med blikk  mot vår eiga tid, viser Graver korleis demokratiet kan undergravast gradvis og innanfrå.

Denne kvelden inviterer vi til ein samtale om rettsstaten sine styrkar og svakheiter i ei tid prega av geopolitisk uro, polarisering og aukande press mot demokratiske institusjonar, mellom Hans Petter Graver  og andre ekspertar.

Kor robuste er eigentleg dei demokratiske samfunna våre? Kva kan vi lære av historia? Og kva ansvar har akademia, media, juristar, politikarar og borgarar for å verne om rettsstaten?

Paneldeltakarar vil bli annonserte etter kvart. Samtalen blir leia av statsvitar Ole Rasmus Øvretveit.

Hans Petter Graver er professor ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo og ein av Noregs fremste ekspertar på rettsstat, demokrati og rettshistorie.  Gjennom ei årrekkje har han forska på forholdet mellom jus, politikk og makt, og han har gitt ut ei rekkje bøker om rettslege og samfunnsmessige spørsmål.

Professor ved UiB Lise Øvreås, leiar av Academia Europaea Bergen, åpnar møtet.

150/120,–

Gratis for studentar ved framvising av studentbevis og for medlemmar av Academia Europaea

Arrangementet er eit fast samarbeid mellom Academia Europaea Bergen (husa av UiB), Litteraturhuset i Bergen og Polarforskarnettverket ved UiB.

Via litthus.ticketco.events