Gå til innholdet
360expOffentlig beta
Logg inn
Tilbake til arrangementer
Festivaler

Konsert med Eldbjørg Hemsing og TrondheimSolistene

Lørdag 27. februar 2027 · 18:00Aurdal Kyrkje

Lagre arrangementet, så sier vi fra hvis dato, tid eller sted endres.

Last ned iPhone-appen

Beskrivelse

Les mer

Kvelden byr på eit spennande møte mellom ny musikk, rytmar frå ulike delar av verda og ein moderne klassikar.

Konserten opnar med eit heilt nytt verk av Ellen Lindquist. Deretter følgjer Quenton Blache sitt eksotiske og energiske stykkje Habari Gani, før kvelden blir avslutta med Max Richters Recomposed: Vivaldi – The Four Seasons. I Richters nyskaping møter Antonio Vivaldis ikoniske Dei fire årstidane eit moderne, minimalistisk tonespråk. Resultatet er eit verk som både peikar tilbake på barokkmusikken og lyttar til vår eiga tid – eit verk som med tida har blitt eitt av dei mest spelte stykkja av nolevande komponistar.

Med Eldbjørg Hemsing som solist og TrondheimSolistene på scena blir dette ein konsert der tradisjon og fornying møtest – frå det heilt nye til eitt av dei mest kjende verka i den klassiske musikkhistoria.

Via hemsingfestival.ticketco.events