FÅ BILLETTER: Jul Med Valdresmål og Meining 2026: Aurdal Kirke
fre. 4. des. · 18:30 CET
Aurdal Kyrkje
530 kr
Fredag 26. februar 2027 · 18:00Aurdal Kyrkje
Billetter fra
Gratis
Lagre arrangementet, så sier vi fra hvis dato, tid eller sted endres.

Program

Ola Kvernberg: Utdrag frå Flåklypa

Ole Bull: Et Seterbesøk

Ole Bull: Polacca Guerriera

Ole Kvernberg: Dobbeltkonsert

To sterke musikalske univers møtest når felespelaren Ragnhild Hemsing, komponisten og multiinstrumentalisten Ola Kvernberg saman med Ensemble Allegria inviterer til kammerkonsert i Aurdal kyrkje.

Her står to komponistar frå kvar si tid sentralt: Ole Bull, den store norske fiolinvirtuosen som henta inspirasjon frå folkemusikken, og Ola Kvernberg, ein av vår tids mest nyskapande norske musikarar og komponistar. Mellom dei oppstår ein musikalsk samtale på tvers av generasjonar – mellom det klassiske og det improviserte, det komponerte og det leikne, tradisjon og innovasjon.

Konserten opnar med utdrag frå Kvernbergs musikk til Flåklypa – frå Paris til pyramidane, før Ragnhild Hemsing tek oss med inn i Ole Bulls virtuose og fargerike univers med Et Seterbesøk og Polacca Guerriera.

I møtet mellom Hemsings virtuose felespel, Kvernbergs særeigne musikalske uttrykk og Ensemble Allegria si unike scenepresens, oppstår ein konsert der grensene mellom sjangrar blir mindre viktige enn sjølve musikken.

Ein konsert for deg som vil oppleve tre markante norske musikalske stemmer – Ole Bull, Ola Kvernberg og Ragnhild Hemsing – i eit møte som berre kan oppstå på Hemsingfestivalen.

fre. 4. des. · 18:30 CET
Aurdal Kyrkje
530 kr
tor. 25. feb. · 18:00 CET
Aurdal Kyrkje
Gratis