Gå til innholdet
360expOffentlig beta
Logg inn
Tilbake til arrangementer
Teater

"Forteljingane vi kjenner oss att i" – Talkshow med Finn Tokvam og Ingrid Nedrebø

Tirsdag 1. desember 2026 · 19:00Løa i Jakob Sande - senter for forteljekunst

Lagre arrangementet, så sier vi fra hvis dato, tid eller sted endres.

Last ned iPhone-appen

Line-up

Beskrivelse

Les mer

Då Finn Tokvam skulle lage si fyrste soloframsyninga, «Velkomen», leita han fram historier frå si eiga heimbygd, Flåm.

Det som skulle bli åtte framsyningar, vart over hundre, spreidd over to år. I oktober spelte han den aller siste, og tilbakemeldingane var ofte dei same: Folk kjende seg att i det Finn fortalde om oppveksten på bygda.

Kva gjer det med oss å sjå seg sjølve i andre sine historier og kva forteljingar kjenner vi oss att i, i dag?

Finn Tokvam er nynorskmann, forfattar, humorist og journalist i NRK.

Gjennom tre tiår i rikskringkastinga har Tokvam markert seg med sin særeigne og folkekjære forteljestil.

Slekt, naboar som stadig kom på besøk og dei klassiske «karane på benken» la grunnlaget for den historieforteljaren Finn Tokvam er i dag.

Korleis bevare den munnlege forteljekunsten i møte med ein stadig meir morderne og digital kvardag?

Det blir anekdotar, musikk, Sande-allsong og utdrag framsyninga «Velkomen» når Finn Tokvam kjem til Løa 1. desember, som også markerer 120-årsdagen til Jakob Sande.

Samtalen blir leia av Ingrid Nedrebø frå Fjaler. Ho er journalist, musikar og programleiar, og har mellom anna leia Ukeslutt på NRK P1.

Mer innsikt

KI-generert

Automatiske forslag, holdt atskilt fra arrangørens offisielle informasjon.

Talkshow med Finn Tokvam, nynorskmann, forfattar, humorist og journalist i NRK, om forteljingane vi kjenner oss att i. Det blir anekdotar, musikk, Sande-allsong og utdrag frå framsyninga «Velkomen» når Tokvam kjem til Løa 1. desember, som også markerer 120-årsdagen til Jakob Sande. Samtalen blir leia av Ingrid Nedrebø, journalist, musikar og programleiar.

ScenekunstKunst og kultur

Via senterforforteljekunst.ticketco.events