Gå til innholdet
360expOffentlig beta
Logg inn
Teater

Synneva Gjelland syng dikt av Halldis Moren Vesaas

Tirsdag 1. desember 2026 · 20:30Løa i Jakob Sande - senter for forteljekunst

Lagre arrangementet, så sier vi fra hvis dato, tid eller sted endres.

Last ned iPhone-appen

Line-up

Beskrivelse

Les mer

Synneva Gjelland sjølv kjem frå visesjangeren, men med ein god dose folkemusikk i både morsmjølk, nisteboksen og heimabrygget er det i folketonane ho kjenner seg heime.

Etter skulering i viser og folkemusikk på Rauland og i Sverige, har ho vendt tilbake til gardslivet med fela på ryggen og songane på lur. Med seg har ho Svein Laingen Kjerland, ein “young and promising” folkemusikar frå Granvin i Hardanger, Johanna Seim som kom frå Berlin til Rauland for å spele norsk folkemusikk, og Pål Jørgen Volan som omsider bytta ut bossa nova med rudl og springar.

SYNNEVA GJELLAND - Sang, piano, gitar & komposisjon
SVEIN LAINGEN KJERLAND - Fele
JOHANNA SEIM - Hardingfeler
PÅL JØRGEN GJELLAND - Kontrabass

Hausten 1929 debuterte to unge lyrikarar. Jakob Sande hadde endå ikkje fylt 23 år. Halldis Moren var 21. «Du ser meg i augo» heiter eit dikt i debutsamlinga til Halldis «Harpe og dolk». «Eg ser inn i augo dine» heiter eit dikt i debutsamlinga til Jakob «Svarte næter». Slik vart det. Dei såg kvarandre i augo, Halldis og Jakob, den hausten. Mange kjærleiksbrev seinare skriv han til henne frå Buenos Aires i 1933: «Hadde eg berre vore so pass kar i 1929 som no, so skulde mangt ha blitt onnorleis.»

Konserten er ein del av markeringa av Jakob Sande sin 120årsdag 1. desember.

Konserten vert i Løa nede.

Mer innsikt

KI-generert

Automatiske forslag, holdt atskilt fra arrangørens offisielle informasjon.

Synneva Gjelland syng dikt av Halldis Moren Vesaas, med bakgrunn i vise og folkemusikk. Med seg har ho Svein Laingen Kjerland (fele), Johanna Seim (hardingfele) og Pål Jørgen Gjelland (kontrabass). Konserten er ein del av markeringa av Jakob Sande sin 120-årsdag 1. desember, og vert i Løa nede ved Jakob Sande - senter for forteljekunst.

MusikkKonserter

Via senterforforteljekunst.ticketco.events